AVLYST: Fottur med kultur i Swaledale og Richmond i England

Fellestur

Fra dato
23. juli kl. 06:00
Til dato
28. juli
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivi100, Dntgsenior, Seniorgruppe
Arrangør
DNT Gudbrandsdalen, Vennskapsforeninga Nord-Fron - Richmond
Dette arrangementet er over!

På grunn av koronasituasjonen i Norge og framfor alt i England, må vi dessverre avlyse den planlagde fotturen til Swaledale og Richmond. Fotturen var planlagt til dagane 23.-28. juli.

Koronakrisa gjer at norske styresmakter ikkje tilrår utanlandsreiser i sommar. For tida gjeld også den regelen at personar som har vore i utlandet må vera i to vekers karantene ved heimkomst til Norge. Nyleg har britiske styresmakter vedteke tilsvarande reglar for personar som kjem til England. Bl.a. desse reglane gjer at det ikkje let seg gjera å gjennomføre turen som planlagd.

DNT Gudbrandsdalen og Vennskapsforeininga Nord-Fron – Richmond seier seg leie for dette. Vi veit at dei 15 turdeltakarane frå Norge og turdeltakarane i England har gleda seg til dette arrangementet. Vi vil prøve å få til ein tilsvarande tur sommaren 2021 eller seinare.

Turinvitasjon slik den så ut da turen ble fulltenet i februar:

Dette blir ein fottur med kulturinnslag i Nord-Fron kommune sin vennskapskommune Richmond og i Swaledale og Yorkshire Dales National Park i Nord-England. Vi bur privat hos venner i Richmond, og går fottur i flott turterreng gjennom nakent jordbruks- og hei-landskap. Lunsj på pubar i idylliske landsbyar. Der får vi også kulturinnslag og informasjon om områda vi passerer. Det blir særleg lagt vekt på den gamle kontakten mellom Nord-England og Norge, som vi bl.a. kan sjå att i språk og namnebruk.

Alternativt opplegg: For dei som ikkje vil delta på (alle) fotturane, vil våre venner i Richmond laga eit alternativt opplegg der dei lagar turar med bil/buss til interessante stader i området omkring Richmond. I år er det også 80 år sidan dei britiske soldatane frå Yorkshire og Richmond deltok i kamphandlingane i Kvam og elles i Gudbrandsdalen. Eit besøk til Green Howards Regimental Museum blir derfor ein del av opplegget.

Vi reiser med fly frå Oslo (alternativt med tog/båt) direkte til Manchester. Der blir vi henta med buss av venner i Richmond, ca. to timars busstur. Same vegen i retur fem dagar seinare.

Det er reservert privat overnatting for minst 14 personar. Dersom fleire melder seg på, må desse overnatte på Bed & Breakfast i Richmond.

Varigheit: Seks dagars tur med vandring i tre dagar, 10-15 km pr dag, og ein dag med mottaking i rådhuset, byvandring og museumsbesøk i Richmond.

Pris/kostnad: Alle betaler for flybilletten (ca. 3.000 kr) og for dei måltida dei har på pub/restaurant eller liknande. 

Reiseforsikring: Alle må før avreise skaffe seg reiseforsikring for Storbritannia. 

Oppmøte: Gardermoen for felles reise d. 23.7 med SAS kl. 9.30. Den enkelte kjøper sjølv flybillett/ordnar seg transport når flyavgang er bestemt. (Dei som vil reise på andre måtar, må seia frå om det ved påmeldinga.)

Hjemreise d. 28.7 med SAS kl. 19.50, ankomst Gardemoen kl. 22.50.

Kart: Yorkshire Dales National Park, Swaledale.

Turkoordinator: Arne Skuterud, tlf 907 47 875.

Turen blir arrangert som eit samarbeid mellom DNT-Gudbrandsdalen og Vennskapsforeininga Nord-Fron – Richmond.

Denne turen er annonsert på side 41 i Turprogrammet 2020. 

Kontaktinformasjon: