Tur til Steinbua i Langvassdalen

Fellestur

Dato
8. september kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Turområde
Langsua (Huldreheimen) (se kart)
Dette arrangementet er over!

Vi går frå Baukholstulen over Skjerellkampen (fint utsiktspunkt 1033 moh) og ned i Langvassdalen. Godt råk opp til Skjerellkampen, men delvis dårleg/ingen sti ned til Langvassdalen, der vi tek ein rast ved den gamle steinbua som er under restaurering. Greitt råk attende til Baukholstulen.
Passer for: Alle.
Varighet: 3 timer.
Oppmøte: Kl. 17.30 på Baukholstulen. Følg skiltinga til Gålå frå rundkjøringa på E6 på Harpefoss. Etter 4,5 km tek du vegen til venstre merka Baukholstulen (bomveg kr. 50 pr. bil). Ved vegskillet etter ca 1 km tek du Brennsetervegen og følgjer den i ca 1 km, der vi parkerer.
Kostnad: Bomveg kr. 50.
Turkoordinator: Solveig og Kristen Brendhaugen, tlf. 958 18 673.

Tur til Steinbua i Langvassdalen

Vi går frå Baukholstulen over Skjerellkampen (fint utsiktspunkt 1033 moh) og ned i Langvassdalen. Godt råk opp til Skjerellkampen, men delvis dårleg/ingen sti ned til Langvassdalen, der vi tek ein ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig og Kristen Brendhaugen
  • Tlf. 958 18 673