Randonehelg med Glittertind (2452 moh) og Nautgardstinden (2258 moh)

Fellestur

Fra dato
25. mars kl. 17:00
Til dato
27. mars kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Dntung, Dntgudbrandsdalen, Topptur
Arrangører
DNT Gudbrandsdalen, Glitterheim

Lad opp til påske med rando-helg i Glitterheim Turisthytte. Dette vil bli ei sosial helg for ungdom med flotte skiopplevingar, god mat og overnatting i Glitterheim. Laurdag er det tur på Glittertind (2452 moh) og sundag går vi om Nautgardstinden (2258 moh) på tur heim. Anita Haugen er turkoordinator for DNT Gudbrandsdalen saman med ein kjentmann frå Glitterheim Turisthytte. 

Oppmøte i Veoli (ved rv. 51) fredag til beltebilavgang kl 17.00. Bagasje og folk bli køyrde inn til Glitterheim Turisthytte. 

Laurdag etter frokost går vi på Norges nest høgaste topp, Glittertind som er 2457 moh. Turen opp er om lag 1000 høgdemeter, 6 km lang og tek 3 – 4 timar i roleg tempo. Her kan vi nyte ei av Noregs finaste utsikter før vi tek til på turen nedover som vil ta om lag 1 time.

Sundag går turen over Nautgardstind som er 2258 moh, som truleg er den toppen i Jotunheimen med flottast utsikt sørover. Til slutt ventar ei passe bratt og lang nedkøyring til Sjodalen. Der blir vi henta og køyrde attende til bilane og bagasja vår i Veoli.

Dette er ein tur som passar spesielt godt for ungdom mellom 13 og 26 år som har gått litt på randone før. Vaksne er også hjerteleg velkomne på tur.

Praktisk informasjon og påmelding

Prisen inkluderar guiding av kjentmann og turkoordinator som er med heile helga. Du får skyss med beltebil innover. To netter på Glitterheim, 3 retters middag fredag og laurdag, frokost, niste/termos og dusj. Bagasja blir også frakta ut og vi blir henta i Sjodalen og kjørt attende til bilane. 

Medlem mellom 13 - 26 år: 1000 kr

Ikkje medlem mellom 13 - 26 år: 2000 kr

Medlem over 26 år: 3000 kr

Ikkje medlem over 26 år: 4000 kr

Det er plass til maks 15 deltakarar, så her er det fyrstemann til mølla. 

Påmelding innan 1. mars.

Betaling: Vipps til DNT Gudbrandsdalen 118418 eller til oss på konto 2085 25 02399 innan 1. mars. 

Avbestilling seinare enn 14 dagar før ankomst gjev eit gebyr på 500 kr pr person. Avbestilling veka før, må ein betale for opphaldet. Dersom vi må avlyse turen, får du pengene tilbake. 

Har du spørsmål om turen, kan du ta kontakt med Anita på tlf 99 71 26 77. Dersom smittevernreglane tillet det, kan samkøyring til og frå Veolia ordnast frå Skjåk/Lom/Vågå. 

Glitterheim har på forespørsel utleie av randoneutstyr (ski, sko og stavar) for 1500 kr for heile helga. 

Bli medlem i DNT Gudbrandsdalen: https://gudbrandsdalen.dnt.no/medlemskap/

 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anita Haugen