DNT-rom på Gålåseter

Knut Lyng framfor skrivebordet etter faren.
Knut Lyng framfor skrivebordet etter faren. Foto: Kristen Brendhaugen

Har du sett DNT-rommet vårt på Gålåseter? 🌳🍂

På Gålåseter i Sør-Fron har Knut Lyng, som er drivaren av staden, saman med DNT Gudbrandsdalen etablert eit DNT-rom. Far til Knut Lyng, Toralf Lyng, var generalsekretær for Den Norske Turistforening (DNT) i 20 år frå 1957 og fram til 1977. Knut har såleis eit spesielt forhold til DNT. Faren vart for øvrig utnevnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden i 1069. Dette for fortjenestefullt virke for norsk naturvern.

På DNT-rommet på Gålåseter har Knut Lyng samla mye historisk DNT-materiell, blant anna eit komplett sett av alle årbøkene. Til og med skrivebordet til faren er på plass. DNT Gudbrandsdalen bidreg med turprogram, bilder og reklameflagg. Stikk innom DNT-rommet neste gong du tek turen til Gålå 😀

Skrevet av Therese Hvattum Heramb 23. september 2019