Ny dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen

Anita Haugen er ny dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen.
Anita Haugen er ny dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen.

DNT Gudbrandsdalen har tilsett ny dagleg leiar, Anita Haugen frå Skjåk.

Etter at Therese Heramb sa opp stillinga som dagleg leiar i vinter, vart stillinga lyst ut. Styret fekk mange gode søkjarar, og valet fell på Anita etter at fleire var inne til intervju. Styret er godt nøgde med tilsettinga.

Anita har vakse opp i Lom, og bur no i Skjåk med familien sin. Ho arbeider som lærar, og vil ha lærarjobben ved sidan av stillinga som dagleg leiar.

– Eg trivast godt med jobben som lærar. Det aller beste med lærarjobben min er å få ta med meg barn og ungdom ut på tur. Få oppleve gong på gong kva det gjer med samhaldet i ei gruppe å vera på tur, fortel ho.

Med ein aktiv oppvekst med mykje turar, har Anita også i dag stor glede av fjellet og turar.

– Ser fram til å kunne kombinere lærarjobben min med å vera dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen. Her vil eg byggje vidare på alt det gode arbeidet Therese har gjort før meg. Ser fram til å bli kjent med mange nye turglade folk og håpar å kunne bidra til at enda fleire kjem seg ut på tur enda oftare, seier Anita.

DNT Gudbrandsdalen arrangerar turar og aktivitetar gjennom heile året, og dette ser Anita fram til å jobbe med.

– Både dei viktig kvardagsturane som vi i Gudbrandsdalen er så heldige å kunne velje og vrake i rett utanfor døra vår. Men også lengre turar med turmagi og minner for livet.

I juni hadde styret sommaravslutning ved Lesjaskogsvatnet. Her takka vi av Therese Heramb for det gode arbeidet ho har gjort, og ynskte Anita velkomen.