Bli med på turleiarkurs

Foto: Marius Dalseg Sætre

DNT Gudbrandsdalen arrangerer turleiarkurs 20.-21.november 2021. Vi får to engasjerte og dyktige instruktørar frå Hamar og Hedmarken turistforening til å halde kurset. 

Vi har mål om at alle våre turleiarar på sikt skal ha dette grunnleggande turleiarkurset. Kurset er uansett veldig nyttig og lærerikt for alle likar å gå turar. 

Nokre av momenta du lærar på kurset: 

  • Praktisk kring arrangering og planlegging av turar
  • Orientering, kart og kompasss
  • Sikkerheit og fyrstehjelp

Grunnleggande turleiarkurs er det andre i DNT sin turleiar-stige. Det fyrste steget er ambassadørkurset, som alle må ha tatt før dei blir med på grunnleggande turleiarkurs. Dette gjeres digitalt, og tek ca 1,5 time. Ta kontakt med oss ved påmelding til turleiarkurset for å få tilgang til å ta ambassadørkurset: https://www.dnt.no/dnt-ambassadrkurs/

Stad og påmelding

Stad for kurset blir avtalt nærare, då vi vil halde kurset så det blir så nært som råd dei fleste av deltagarane. Det blir sentralt i Gudbrandsdalen, som Vinstra, Otta eller Vågå. 

DNT Gudbrandsdalen betaler kursavgift for sine medlemmar. Vi oppfordrar alle turleiarar til å bli med på dette. Nye turleiarar som er interesserte kan bli med mot at dei forpliktar seg til å halde turar eller aktivitetar for foreninga. 

Påmelding til anita.haugen@dnt.no innan 15. november. 

Skrevet av Maria Kampesæter Kleiven 1. november 2021