Besøk eit magisk trolltre

Foto: Anita Haugen

Besøk eit magisk trolltre i desember! 


Ute i naturen finst det fleire magisk trolltre som kjem frå trollverda. Vi i DNT Gudbrandsdalen er så heldige å ha funne fleire slike tre no før jul. Det var 5 år gamle Mina, kjent frå “Mina og meg”, som fyrst fekk eit brev frå trolla med eit kart over slike magisk trolltre. Eit tre litt annleis enn alle dei andre trea. Eit magisk tre fylt med trollmagi. Om du finn eit slikt tre som lyser opp inne i skogen, så kan du leggja att din heilt eigen magiske trolldraum. 


Ta bilete og du kan vinne turpremiar 

Håpar alle som tek bilete av trolltreet og deler på sosiale media vil bruke @dntgudbrandsdalen @minaogmeg #trolltre #trolldrøm 

Send også inn bilete til DNT Gudbrandsdalen innan 3. januar på tlf 907 39 019 og du er med i trekning av fine turpremiar.  

Foto: Anita Haugen

Vil du besøke eit trolltre?  


Korleis: Du og familien din finn kart over alle trolltrea i Gudbrandsdalen på gudbrandsdalen.dnt.no. Du kan også gå inn på https://www.minaogmeg.no/hjem for å få oversikt over alle trolltrea i heile Noreg. Kanskje er det eit trolltre i nærleiken av der dykk bur? Bruk gjerne trollbrevet som Mina fekk som ein start på turen. Vel framme ved treet kan dykk gjerne pynte litt med eiga pynt. Der det høver, kan både fakkel og bål vera triveleg for stemninga si skuld. Fleire av trea har også ljosslynger som kan slåast på dersom dykk er ute i trollskogen etter det har vorte mørkt (men hugs å slå av når du går, så det er batteri til fleire). Så er det berre å setja seg ned eller stå rundt treet og si trolldraumen inni seg tre gongar.  

Lengde: Dette kan varierer noko mellom dei ulike trea. Turane er tenkt til å passe for heile familien. Sjå turbeskriving for kvart enkelte trolltreet under her.  

Når: Turen kan gjennomførast når som helst av deg og din familie. Kan gjerast til ein dagstur eller ein litt annleis kveldstur med hovudlykt. Trolldraumtreet vil vera pynta og lyse gjennom heile jula. Etter jul vil all belysning og pynt bli teke ned av dei som har pynta det. 

Kor lenge: Det bestemmer dykk naturlegvis sjølv. Sett av litt tid så det ikkje blir stress.  

Kven: For små og store som vil på trolltre-jakt saman inne i skogen (og som trur på troll). 

Ta med: Lurt å ta med ei hovudlykt, varme klede, sitjeunderlag og kanskje noko varmt å drikke.  


Liste over trolltre i Gudbrandsdalen 

Her vil du finne oversikt over alle trolltrea som dukkar opp i Gudbrandsdalen framover. Det fantastiske med desse trea, er at dei berre blir meir magiske til fleire som besøkjer dei. For å få oversikt over alle trolltrea i Noreg, gå inn på https://www.minaogmeg.no/hjem

- Trolltre i Skjåk/Bismo https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26205-trolltre-i-skjak/


- Trolltre i Lom/Presthaugen https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26206-trolltre-i-lom/


- Trolltre i Vågå/Dompe https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26209-trolltre-i-vaga/


- Trolltre på Vinstra/Brakjeberget https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26216-trolltre-pa-vinstra/


- Trolltre Skåbu https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26218-trolltre-skabu/


- Trolltre Dombås https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26219-trolltre-dombas/


- Trolltre Fåvang https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26232-trolltre-favang/


- Trolltre Harpefoss https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26243-trolltre-harpefoss/


- Trolltre Lesja https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26244-trolltre-lesja/ 


- Trolltre Skjåk - Lundahaugane https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26258-trolltre-skjak-lundahaugane/


- Trolltre Skjåk - Dønfoss https://gudbrandsdalen.dnt.no/artikler/turtips/26259-trolltre-skjak-dnfoss/


Liste over trolltre I heile Noreg

Gå inn på: https://www.minaogmeg.no/hjem/2021/12/13/jakten-p-det-magiske-trolltreet


Er det ikkje eit Trolltre i nærleiken av der du bur? 

Gå ut i skogen i nærområdet og pynt eit lite tre med julepynt og gjerne lys (kan også vera fint med faklar). Noter deg kartreferansane og ta kontakt med meg på anita.haugen@dnt.no der du legg ved ei enkel kartoversikt (1-2 kartbilete) og ruteval for å finne trolltreet. Få med avstand, parkering og anna relevant informasjon for dei som skal ut å leite etter treet. Send alt saman til meg på mailen over så legg eg ut treet og turen til oversiktslista til gudbrandsdalen.dnt.no. Ef sender også vidare til Minaogmeg.no som har ei oversikt for heile Noreg.  

Treet skal vera enkelt å koma til, men gjerne litt unna sjølve stigen eller skiløypa. Da blir det heile litt meir magisk. (Nok med 100 meter frå stig, skispor). Og hugs at det skal vera tilgjengeleg for borna. Har du spørsmål kan du også ringe Anita på 99 71 26 77.  


Foto: Rune Holen

Skrevet av Anita Haugen 14. desember 2021