Tur til Fanaråken 12.05.2018

Alt stemde denne dagen på Fanaråken, både vær og føre.
Alt stemde denne dagen på Fanaråken, både vær og føre. Foto: Syver Ole Eggen

Sognefjellsvegen er nå endelig open att for sumar-turisme etter dvaleperioda si på vinteren. Dette gjev moglegheiter for å arrangere turar i området. Denne Laurdagen var det duka for tur til Fanaråken. Værmeldinga var bra og vi hadde store forhåpningar til turen denne dagen. Det var kjempestor interesse for denne turen og eg måtte setja ei grense på ca 25 stk. som fylte seg opp rimeleg kjapt. Ein kunne sikkert fylt turen med eitt fylgje til!! Så det er veldig artigt med slik interesse.

Vi var ca 25 stk som sto klare ved demingen på Sognefjellet kl 10.00 laurdag 12. Mai. Været varheilt suverent, kunne ikkje drøymt om betre vær for turen. Så vi la i veg inn mot bre-kanten. Det var god fart i gruppa og tempoet var jamnt innover. Det var fleire grupper på tur denne dagen med same turmål. Vi nådde att desse ved brekanten. Her tok vi ei god drikkepause og «samla» gruppa. Vidare gjekk vi over brean og inntil ryggen der vi skulle gå opp. Dette er ikkje sumar-ruta, men det er her man vanlegvis går opp på våren. Det som var skummelt her er den overhengande skavelen. Partiet er også godt over 30 grader, og snøen var laus attpå mildværet. Så etter litt korrespondanse med Guidane i Aktiv i Lom, så vartr vi enige om at gruppa mi skulle gå fyrst opp henget her. Vi delte oss i 2 grupper. Dette for å avlaste sida oppover, slik at vi ikkje løyste ut noko. Dette tok gruppa fint og det gjekk kjempebra opp. Frå her og opp gjekk det veldig fint opp mot toppen. Skiføret var også upåklagelig og alle virka blide og fornøgde. Vi brukte knappe 3 timer opp og vi tok ei god og lang pause på toppen for å nyte utsikta mot Hurrungane. Dette var storslagent skue.

Det gjekk også greit ned att med alle i gruppa. Vi kjørte samla ned til brean. Vi tok sumar-ruta ned, for det var fleire i gruppa som ikkje vil kjøyre ned den bratte sida på ski. Da vi fikk samla alle ved brekanten sa eg takk for fylgjet og alle var strålande tilfredse med turen og dagen.

Alt stemde denne dagen, både vær og føre. Alle i gruppa var storfornøgde og alle utanom 1 kom opp på toppen. Premien var utsikta til Hurrungane og nedkjøringa på ski frå toppen og over bren. Turen vil bli gjentatt neste år, i ca same periode. Ellers vil eg til slutt takke alle for turen og den kjempepositive stemninga som var på turen. Dette var artigt.

Syver Ole Eggen, Turkoordinator.

Foto: Syver Ole Eggen

Skrevet av Therese Heramb 13. mai 2018