Kom deg ut-dagen i Sel

Foto: May Britt Josten

Søndag 2. september ble kom deg ut dagen arrangert i Sel. Dagen ble arrangert i samarbeid med Sel kommune og utdeling av kulturprisen som gikk til stigruppa til Dahle vel. Vi var 37 som gikk turen opp til Haldorpiggen på Kleivrudåsen. Vi hadde en utrolig fin feiring av dagen og av stigruppa som i flere år har ryddet stier på Dahle, inkludert til Haldorpiggen som er et supert turmål og utsiktspunkt.

Sel kommune stilte med kaffe og kringle til alle som var med og kulturprisen ble delt ut av ordfører i Sel Dag Erik Pryhn.

Stigruppa har over flere år gjort et stort arbeid og Sel kommunes begrunnelse for tildelingen er:

«Sel kommunes kulturpris for 2017 tildeles Stig-gruppa i Dahle Vel.


Begrunnelse:

Stig-gruppa i Dahle Vel har i mange år arbeidd med å rydde gamle stigar, bygge trapper, bruer og rekkverk. Slik har eit svært omfattande stignett på ein trygg og sikker måte vorte gjort meir kjent og tilgjengeleg for stadig fleire turgåarar.


Kartet utarbeidd av Dahle Vel viser nær 20 stigar og råk. Det er sett opp i alt 8 turkasser som inneheld kart og «gjestebøker». Det er sett opp over 130 sjøllaga skilt, som viser veg og retning og gjev informasjon om gamle stadnamn – noko som ikkje minst er viktig og gjev ein ekstra spiss på turopplevinga for folk som ikkje er lommekjende i området.


Stig-gruppa tek også ansvaret for årleg vedlikehald av stigane, sommer som vinter.


Arbeidet til stig-gruppa gjev eit lavterskel-tilbod tur- og trimtilbid for folk flest. Arbeidet som erlagt ned betyr mykje for trivsel og folkehelse.


Men stig-gruppa gjer og eit viktig arbeid for å ta vare på lokalhistorie og kulturarven i området. Det har rydda og opna opp att gamle seterråk. Arbeidsvegane opp til skifer- og kleberbrot er på nytt gjort kjende og tilgjengelege. Dette er eit særs viktig arbeid for ta vare på lokalkunnskap og lokal identitet.


Arbeidet til gruppa syner at Otta har ein kulturskatt i nærmiljøet som skapar stoltheit og tilhøyrigheit til Sel Kommune."


May Britt Josten, turkoordinator.

Skrevet av Therese Heramb 2. september 2018