Alternativt julebord til Oskampen

Turfølget er klare for heimreisa sundag morgon.
Turfølget er klare for heimreisa sundag morgon. Foto: Aina Rolstad

Den årlege førjulsturen til Oskampen har vorte ein god tradisjon i DNT Gudbrandsdalen.

I fleire år har helga vore kryssa av i kalenderen, men til i år har hektiske adventssyslar eller arbeid kome i vegen. Men i år klaffa det, og som fersk deltakar på det alternative julebordet fekk eg æra av å skildre turen.

Så langt i år har vinteren vore fattig på snø dei fleste stader. Turleiarane Helle Hovden og Magnar Bratlien landa på truger som framkomstmiddel etter ei rekognosering før i veka. Underteikna og fleire hadde nok stunda på skiføre, men truger er topp å ta seg fram med i mellomsesongen.

Laurdag morgon la vi i veg frå parkeringa like ved Falkefangarhøgda ved Jotunheimvegen. Følget på 10 turglade folk, sju fulle pulkar og fire trekkglade hundar såg ingen dompap i ei grån (referanse) – men det letta nokre vinterkledde ryper, og vi hadde tidvis grei sikt inn i Langsua og Jotunheimen.

Spennande terreng, og med truger var det ingen sak å ta seg fram.
Spennande terreng, og med truger var det ingen sak å ta seg fram. Foto: Aina Rolstad


Litt vind og nedbør på tur inn til Oskampen la ingen dempar på humøret. Fleire har vore med på det alternative julebordet ein eller fleire gonger. Det hadde ikkje noko å seie for ein nykomar. Alle var der for ein triveleg tur før den verste julestrida sett i gang – og som på alle DNT-turar finn ein støtt felles samtaleemne innanfor tur og friluftsliv.

Mild temperatur og ein del vind, men stemningsfullt desemberljos.
Mild temperatur og ein del vind, men stemningsfullt desemberljos. Foto: Helle Hovden

Turen vart ein del kortare på truger enn den vanlege ruta på ski. Når det er skiføre, går turen frå parkeringa på Finnbøle. Vi fekk derfor gode stunder til å kome på plass på hytta, og stelle i stand middagen etter vi kjem fram. Menyen var til dels planlagt på ein gruppechat på Facebook på førehand, og vi tok alle med oss litt julemat.
​​​​​​​Ein truga med å ta med surstrømming framfor rakfisken – men det var ingen illeluktande overraskingar på bordet. Tvert om. Eit fyldig bord med mykje god mat vart forsøkt fortært med godt mot, men det vart att mat til frukost, niste og lite til.

Eit fyldig matbord med mykje god mat. Merk deg juletreet midt på bordet.
Eit fyldig matbord med mykje god mat. Merk deg juletreet midt på bordet. Foto: Magnar Bratlien

Dresskoda for julebord på ei sjølvbetjent DNT-hytte var stilfullt dunskjørt og stilongs. Juletreet var det turleiar Magnar som sto for, som komplementerte fint dei medbrakte juledukane og litt anna julepynt. Det vart ingen gange kring juletreet, men triveleg prat og mykje latter utover kvelden. Ei avkopling fritt frå mobildekning, med vinden som einaste støy om natta, var ein god start på adventstida.

Det gjekk gjetord om ein fin soloppgang på fjorårets julebord, så eg vakna med eit håp om ein fargesprakande start på dagen. Sjølv om det gnistrande desembervêret heldt seg unna denne helga, har det sin sjarm å gå i litt vêr og vind. 

Siste rest av dagsljoset den 1. desember. Oskampen er ei sjølvbetjent hytte som ligg like ved Langsua nasjonalpark. Hytta ligg i Nord-Fron kommune, like ved kommunegrensa til Vågå.
Siste rest av dagsljoset den 1. desember. Oskampen er ei sjølvbetjent hytte som ligg like ved Langsua nasjonalpark. Hytta ligg i Nord-Fron kommune, like ved kommunegrensa til Vågå. Foto: Maria Kampesæter Kleiven

Etter ein god frukost var det berre å pakke og vaske seg ut, finne fram truger, stavar og pulk, og ta fatt på heimturen. Vi følgde sommarruta ned til Jotunheimvegen, og gjekk vegen attende til parkeringa.

Attende til sivilisasjonen vart det ein varm kaffe med biteti på Rødhette og Ulven i Skåbu, før vi skilde lag.

Takk for ein triveleg tur, håper å sjå både kjende og nye fjes på neste alternative julebord.
Helsing Maria og Herje

På heimturen la turleiarane inn obligatorisk hinderløype med pulk ...
På heimturen la turleiarane inn obligatorisk hinderløype med pulk ... Foto: Aina Rolstad
Ti personer vender nasen heimover frå Oskampen.
Ti personer vender nasen heimover frå Oskampen. Foto: Helle Hovden
Litt vind og vêr laurdag la ingen dempar på humøret.
Litt vind og vêr laurdag la ingen dempar på humøret. Foto: Erki Markson
På Jotunheimvegen på tur heimover.
På Jotunheimvegen på tur heimover. Foto: Gitte Bertelsen

Skrevet av Maria Kampesæter Kleiven 3. desember 2018