Storkuva og Veslkuva

Fint vær å gå tur i.
Fint vær å gå tur i. Foto: Arne Skuterud

I fint fjellver var vi fem personar og ein hund som onsdag 14. august drog til Skogsetrin like aust for Dovreskogen og gjekk til Veslkuva og Storkuva.

Vi tok råket frå Øygardssetre og gjekk mot nordaust i retning Sletthø. Vidt og flott utsyn i alle retningar. Noko vått i stien frå regnet dagen før, men elles lett, fin stigning mot ei hytte like nord for Mjølrakkhaugen. Ein liten rast her, før vi tok mot nordvest og Veslkuva. Godt som vindstille på toppen, så da passa det godt med matrast.

Kreftene kom nå attende, og da gjekk turen ned, gjennom Kuvmillom og opp på Storkuva ganske greitt. Utsikten frå stortoppen var berre fantastisk, særleg nord- og sørover Gudbrandsdalen. Nå kom sola også meir fram. Nedturen gjekk radig på ein raskare sti ned til Nordsetrin. Alle var einige i at vi hadde hatt ei fin turoppleving. Vi brukte 6 ½ time på heile turen.

Turleiar Arne Skuterud

Utsikt til måla for dagen.
Utsikt til måla for dagen. Foto: Arne Skuterud
Fotomotiv både høgt og lågt!
Fotomotiv både høgt og lågt! Foto: Arne Skuterud
Ein pust i solveggen.
Ein pust i solveggen. Foto: Arne Skuterud
Foto: Arne Skuterud