Tur til Trollsteinen

Tross dårleg vèr og vèrmeldingar var vi likevel tolv stk. som tok turen.

Vi starta ved bomben i Veodalen. På turen opp gjekk vi forbi Noregs høgstveksande tre, ei bjørk som vaks i noko over 1400 moh. Vi gjekk forbi fleire dyregraver før vi kom inn i den storslagne Trollsteinkvølven. Her er ein storslagen natur med mange toppar på over 2000 moh. Lågt skydekke gjorde at ikkje oversikta var så god som vi kunne ynskje. Her ligg da Trollsteinen, som også er opphavsnamnet til alle trollsteinnamna i området. Trollsteinen og området er også sentralt i forfatter Vera Henriksen sitt fem binds store bokverk frå mellomalderen.

Vèret vart ikkje så gale som meldt, og alle deltakarar gav utrykk for at dei var godt nøgde med turen

Skrevet av Therese Heramb 8. september 2019