Flott Jetta-tur i ruskever

Foto: Arne Skuterud

Onsdag 8. juli var vi sju frå Dovre, Lesja, Fron og Colombia/Spania som starta frå Hjellkroken ved Ilka på tur mot Jetta. Bratt opp på fin, grøn skogsveg til over skoggrensa, vidare utan sti i litt kjørr, mykje måså og stein 1000 meter opp til Jettoppen, 1617 moh.

Vi var fem som nådde toppen, mens to valde å snu noko tidlegare. Stort sett gråver, med noko vind, men og litt hagl, regn og sol. Fantastisk utsikt frå toppen mellom bygene, mot sør, aust, nord og vest. Vi brukte 4 timar opp og 2 ½ timar ned, og gjekk 18,5 km. Alle var samde om at det hadde vore ein flott tur.

Referent: Arne Skuterud

Foto: Arne Skuterud
Foto: Arne Skuterud
Foto: Arne Skuterud

Skrevet av Therese Heramb 9. juli 2020