Dønttinden (1676)

Gruppebilde på toppen - med trygg koronaavstand. Tindene i Trollveggen og Romsdalshorn i bakgrunn.
Gruppebilde på toppen - med trygg koronaavstand. Tindene i Trollveggen og Romsdalshorn i bakgrunn. Foto: Maria Kampesæter Kleiven

Søndag var det "bike and hike" gjennom Vermedalen til Dønttinden i Rauma. 

Vi var 4 personar som møttest på Verma og gledde oss til Dønttinden-tur. Sjølv om skodda låg tjukk frå morgonen kjende vi oss trygge på at den skulle lette ganske fort.

Vi starta turen på sykkel innover den frodige Vermedalen. Somme av oss var mest spent på eigen sykkelform etter at sykkelen hadde fått stå altfor lenge i ro, men det gjekk ganske så greitt. Skodda sprakk fort opp, som bestilt.

Etter 8 km parkerte vi syklane, vada over Verma, og sette kursen mot Tverråa som vi ville følgje oppover til vi skulle byrja på sjølve Dønttinden. Mykje tett kjørr- og bjørkeskog på veg opp langs Tverråa sette ikkje nokon stoppar for eit målbevisst turfølgje.

Det var litt av eit skue som openbara seg da vi nærma oss toppen. Fantastisk utsikt i alle retningar, og eit teppe av skodde delvis nede i Romsdalen. Varmt og nesten vindstille på toppen, så vi tok ei god pause der før turen gjekk ned same veg som vi kom. Somme tok eit avkjølande bad da vi kom ned til vadeplassen i Verma.

Takk for eit kjempefin tur!

Turleder Liv Klara Enstad 

På tur opp lia.
På tur opp lia. Foto: Liv Klara Enstad
Panorama-utsikt på toppen!
Panorama-utsikt på toppen! Foto: Oddbjørn Bakken
Toppvarden.
Toppvarden. Foto: Liv Klara Enstad
Marsj opp, og full fart ned snøfonna.
Marsj opp, og full fart ned snøfonna. Foto: Liv Klara Enstad
Foto: Oddbjørn Bakken
Vading over Verma.
Vading over Verma. Foto: Maria Kampesæter Kleiven
På veg ut at frå Vermedalen. Salhøknappen i horisont.
På veg ut at frå Vermedalen. Salhøknappen i horisont. Foto: Maria Kampesæter Kleiven
Foto: ge.no