Pride-parade til Mysubytta

Foto: Anita Haugen

Laurdag 10. juli var det godt over 100 deltakarar på pride-parade.

På Sota Sæter var 111 deltakarar klare for tur, pynta med flagg i regnboges farger. Turen gjekk i natur- og kulturstigen langs Røykjeskålsvatnet i Breheimen. Vi starta i furuskog langs vatnet som gradvis gjekk over i bjørkeskog. På turen fortalte Arnt Sveen oss om lokal historie, mord og las dikt for oss. Siste delen av turen innover gjekk langs vegen innovert til Mysubytta. Her tok Sota Sæter oss i mot med bålkaffe og spekemat. Vi fekk også eit miniforedrag med Inge Alexander Gjestvang: Pride - 50 år på 5 minutter. Triveleg tur med eit viktig bodskap: "Naturen bryr seg ikke om hvem du er, hvem du elsker eller hvilken bakgrunn du har. I naturen er alle velkommen", seier DNTs generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang, som deltok på turen.

Foto: Anita Haugen

Skrevet av Anita Haugen 14. juli 2021