Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron

Solveig og Kristen Brendhaugen foran Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron.
Solveig og Kristen Brendhaugen foran Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron. Foto: Magnar Bratlien

Bua er au kalla Dalbu. Den ligg i eit lite traffikert fjellområde på vestsida av Gudbrandsdalen i Sør-Fron, nokre hundre meter får sørenden av Langvatnet. Bua er lett å nå frå setergrendene Baukholstulen i vest og Sveiphuslykkja i aust. Bua tilhører bruket Vassrud i Nordre Lia, men er open for allmenn bruk på den måten at bua er låst med eit kodelåas. Koden kan ein få ved å ringe tlfnr. som er slått opp ved bua.

Bua, som nok i hovudsak har voe nytta som ei jaktbu, er delvis gravd inn i bakken. Veggane er mura opp av naturstein og golvet er også steinheller. Inne i bua finst det bord og stolar og køyeseng med madrassar for 2 personar. Sovepoe må du ha med sjøl. Ovn og kjøkkenutstyr til 4 personar finst også i bua.

Kor gamal bua er veit ein ikkje sikkert, men Hans Wassrud fortel at ein veit at bua vart restaurert ca 1850, og at den såleis var bygd ein god del tidlegare. Bua fekk au nytt tak omlag 1950. Dersom ein kan rekne med at taket som var restaurert 1850 au hadde vara i omlag 100 år, så er ein attende til 1750 og kanskje enda lenger.

Bua var i 2019 berre ein steinhaug da Per Lunde og Kristen Brendhaugen tok opp tanken om restaurering. Taket hadde falle ned og store delar av murane hadde rasa saman, da arbeidet med oppattbygginga tok til i august 2019. Eter om lag 250 dugnadstinar sto bua ferdig bygd opp att i juli 2020 . Med på arbeidet har vore Solveig og Kristen Brendhaugen frå DNT Gudbransdalen, Tove og Rolf Tobiassen, Ole Hofvander, Christian Hovind og Bjørnar Bakken, Per og Bård Lunde. Eigar av bua, Per Wassrud, har bidradd med frakt av materialer og har dekka kostnadene med innkjøpa som har vore nødvendige. Hans Wassrud har fortalt om historia til bua og Kari Wassrud og Åse Østeraas har ordna med kjøkkenustyr m.m.

Bua er låst med kodelås. Dersom du ønskjer å kome inn i bua for å raste eller overnatte, så ta kontakt me Per Wassrud på tlf. 971 24 823 eller Kristen Brendhaugen på tlf. 958 18 673, så får du koden.

Under åpningen av Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron 2020.
Under åpningen av Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron 2020. Foto: Magnar Bratlien
Eit foto som Kristen fekk frå Kari og Hans Wassrud var til stor hjelp ved oppattbygginga. Bildet frå 1940 talet viser korleis bua såg ut. Det er Hallvard Wassrud og hunden Tell som står framfor bua.
Eit foto som Kristen fekk frå Kari og Hans Wassrud var til stor hjelp ved oppattbygginga. Bildet frå 1940 talet viser korleis bua såg ut. Det er Hallvard Wassrud og hunden Tell som står framfor bua. Foto: Kristen Brendhaugen
Slik såg ruinane av bua ut da restaureringsarbeidet starta.
Slik såg ruinane av bua ut da restaureringsarbeidet starta. Foto: Kristen Brendhaugen
Mesteparten av murane kom opp att i løpet hausten 2019.
Mesteparten av murane kom opp att i løpet hausten 2019. Foto: Kristen Brendhaugen
Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron.
Steinbua i Langvassdalen i Sør-Fron. Foto: Magnar Bratlien

Skrevet av Therese Heramb 13. september 2020